Ny rådmann på besøk

Fh. Ordførar Osmund Våga med rådmann Jan Erik Nygaard og påtroppande rådmann Ingeborg Skjølingstad. Jardar Havikbotn Ingeborg Skjølingstad (42) byrjar i rådmannsstillinga i Bokn måndag 18. mai.

4. mars var ho på Boknatun og fekk helsa på nokre av dei tilsette. Ei omvising i bygget blei det også tid til.

Overgangsperiode

Rådmann Jan Erik Nygaard fortel at han går av 1. august, men Ingeborg Skjølingstad vil vera rådmann frå 18. mai. Sjølv blir han frå den datoen saksbehandlar og vil fullføra saker han held på med. Samstundes vil han dela erfaringane sine med den nye rådmannen.

- Eg gler meg veldig til å bli kjent med den nye organisasjonen, med alle som jobbar der, og ta fatt på nye oppgåver og utfordringar, seier Ingeborg Skjølingstad.

Me ynskjer ho hjarteleg velkommen!