Ny plate

Ny CD frå Kvednabekkjers.The Kvednabekkjers gir ut CD nr. 2 og har plateslepp på Flytten i Haugesund 27. oktober.

Nøgde: Fv. Wolfgang B. Ognøy, Eirik Nedrebø og Jardar Havikbotn fekk plata i hus 11.10. Kjetil og Øyvind Østebøvik var ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: Geir Ognøy. 

Det har snart gått fire år sidan første CD, Bekkjens sildring. Dei seier at tida har vore lang og spesiell, mykje pga. den usikre perioden etter at Tommy Øvrebø døydde. Men bandet, som presenterer sjølvlaga musikk på dialekt, fann til slutt løysinga og 10 nye låtar er klare. Tre av dei har allerede vore på digitale strøymetenester ei stund, og fleire er spelt live rundt omkring på Haugalandet det siste året.

Ventetiå

Dei seier at det var naturleg å kalla CD'en Ventetiå, både med tanke på den spesielle perioden og at ordet Framsida på platecover-heftet.

også er tittelen på ein av songane. Det er lokal diktar Kjetil Hamre som står bak teksten til tittellåten og fire andre på plata. Men Kvednabekkjers skriv også eigne tekstar, m.a. to hyllester i "Holmen Vår" og "Stjernå".

Bandet opplyser at denne plata er grundigare arrangert enn den forrige, med fokus på låtoppbygning og fleirstemmig koring. Den er tatt opp og mixa i ABC-studio og i Kvednabekken. Dei håpar folk vil kjøpa CD'en og at dei likar det dei får høyra.

Forhåndssal

For dei som ikkje klarar å venta til Platesleppet blir det forhåndssal av 100 stk. på Coop Marked Bokn frå fredag 13. oktober. Pris kr. 200,- Det blir også sal på Flytten 27.10 og på julemessa i Bokn Arena. Her blir det også signering for interesserte kjøparar. Det blir også ein ekslusiv konsert for ei begrensa gruppe 26. oktober på Bokn for folk som ikkje kan gå på Flytten. Dette blir kunngjort på bandet si Facebook-side.