Ny kommunal kai i Vestre Arsvågen

Den nye kommunale kaien, 03.06.20. Jardar Havikbotn Eit makebyte mellom Bokn kommune og eigar av gnr. 16 bnr. 3 har ført til endringar for kommunal veg og kai i Vestre Arsvågen.

Ved P-plassen til Are friluftsområde går vegen til kaien til høgre. Jardar Havikbotn Den gamle kaien og vegen frå Friluftsrådet sin parkeringsplass ned mot gardstunet, er nå privat og med det ikkje open for offentleg bruk. 

Ny veg til høgre frå parkeringsplassen fører fram den nye kommunale kaien. Der vil det koma opp skilt med reglar for korleis kaien skal nyttast.