Ny energisentral

15. oktober 2020: Bildet viser boring med maskin og nokre ferdige brønnar som skal koblast inn til sentralen. - Klikk for stort bilete15. oktober 2020: Bildet viser boring med maskin og nokre ferdige brønnar som skal koblast inn til sentralen. Jardar Havikbotn I samband med bygging av ny skule, blir det i desse dagar bora ni energihol ved skulen og barnehagen. Energisentralen skal gi framtidig varme til desse bygga.

Hola er heile 250 meter djupe. Brønnane skal gi varme til varmepumpa.

Ingleif Kro i teknisk fortel at dette er første ledd i skuleutbygginga, og starten på eit to år langt prosjekt.