No er ho komen!

Årets julegåve til alle med røter i Bokn!

Bildet viser austreboknarane Ingunn Våge og Eivind Øvrebø - sistnemnde tidlegare medlem av biletboknemnda -  studerer ivrig «Sjå Bokn!» der dei jamvel fann  bilete av seg sjølv bak disken på det gamle handelslaget på Austre Bokn. Har du tilknyting til Bokn, skal det godt gjerast å ikkje finna bilete av seg sjølv og kjende i boka. - Klikk for stort bileteAustreboknarane Ingunn Våge og Eivind Øvrebø - sistnemnde tidlegare medlem av biletboknemnda - studerer ivrig «Sjå Bokn!» der dei jamvel fann bilete av seg sjølv bak disken på det gamle handelslaget på Austre Bokn. Har du tilknyting til Bokn, skal det godt gjerast å ikkje finna bilete av seg sjølv og kjende i boka. Jardar Havikbotn

Endeleg kan du Sjå Bokn! slik bygda har vakse fram dei siste 160 åra, årstid for årstid. Og venteleg finn du deg sjølv i denne boka, ikkje berre ein gong, men fleire! Gjennom 215 svart/kvitt foto eldre enn 1960 og 315 fargefoto etter 1960, til saman 530 foto og med utførleg tekst møter me boknarane gjennom livet i fest og kvardag og i alvor og skjemt.

Tidlegare levde folk i større grad i års- og livssyklus, noko me freistar å få fram her. I større grad enn i dag avgjorde årstidene gjeremåla og leveviset til boknarane. Målet er å få med mest mogeleg av kva folk dreiv med og koss dei levde.

For sal

Boka er på 300 sider og kostar kr 499 - under ei krone pr. foto! Førebels får du kjøpt ho på Boknatun, og på julemessa i Bokn Arena laurdag 7. nov. kl. 12-16.