MOT-coachar

Førre veke blei det utdanna tre nye MOT-coachar i Bokn kommune.

Her er frå venstre helsesøster Henriette Lindanger og lærarane Silje Høie og Bianca Mari Alvestad avbilda med Rune Bratseth, som er ein av MOT's grunnleggarar. 

Bokn skule er ein MOT-skule; som skal forsterka skulen si rolle som samfunnsbyggar. Gjennom utdanning, føredrag og coaching av rektor/inspektør, skulepersonale og ungdommar vil ein skapa ei felles verdiplattform og felles forståing av viktigheita med å skapa ein kultur der alle er inkluderte.

Det er ønskeleg at MOT skal bli eit styringsverktøy for livsmeistring og god psykisk helse i skulen. MOT utviklar robust ungdom og visjonen er å få eit varmare og tryggare samfunn.

Utdanning

Denne våren har både rektor og inspektør tatt leiarkurset i MOT, og førre veke blei det utdanna tre nye MOT- coachar i kommunen. Frå før har me Frans Gisle Hansen som er MOT-koordinator, men frå hausten av skal også desse tre inn på ungdomstrinnet og ha MOT-økter.

Skulens mål er at MOT skal bli meir synleg enn tidlegare og ha meir fokus på MOT's visjonar. I tillegg blir det kvart år utdanna UNG-motivatørar frå 9. klasse, og når desse startar i 10. klasse får dei og viktige arbeidsoppgåver i MOT's arbeid på skulen.

Les mer om kva MOT er og korleis ein jobbar