Merket det stend om mannen han stupa!

Minneord over Hans Faye, av Birger Lindanger og Jan Erik Nygaard.

Ei eldsjel har slokna!

Laurdag 4. januar 2025 vart boknasamfunnet fattigare – Hans Faye gjekk or tida. I alt sitt virke var han ei skapande kraft – i jobb og på fritid! Nå er han borte, men det han var, lever vidare!

Hans Faye og Birger Ldanger klar for kulturminneregistrering, 25.04.19. - Klikk for stort bileteHans Faye er klar for kulturminneregistrering, 25.04.19 - sammen med Birger Lindanger. Jardar Havikbotn

Gjennom 22 år som folkevald og sidan i 20 år som kulturarbeidar knytt til Bokn kommune, hadde eg gleda av eit til tider nært samarbeid med Hans. Det er vanskeleg å sjå nokon som har sett eit større preg på Bokn enn han. I 52 år har han budd i og virka for kommunen, alltid med eit brennande engasjement og med det grunnleggjande målet å gjera det som var best for bygda.

Som folkevald opplevde eg han som klar, ryddig og kompetent. Å vera kommuneingeniør eller teknisk sjef var jo ein uriaspost. Stundom var det slik at same kva avgjerd ein tok, var det ikkje til å unngå at ein trådde nokon på tærne. Det var ikkje nådig å koma frå tjukkaste Oslo som 23-årig unggut og tala garva og godt vaksne boknarar til rettes. Men gjennom ryddighet og klar måte å vera på, vann han tillit og respekt både hjå dei folkevalde og blant bygdefolk elles. Attåt hadde han ein avvæpnande form for humor.

Også utanom jobben var han ei eldsjel for Bokn. Til dømes var han sentral i arbeidet for idrettslaget og drog i gang friidrettsgruppa. Attåt hadde han overskot til å medverka til å skapa eit jaktmiljø. Han var ein gild nabo og aktiv medskapar av eit  triveleg nabolag. Etter at han gjekk av med pensjon la han ned eit stort arbeid i registreringa (SEFRAK-registreringa) av kulturminne i Bokn. Ikkje nok med det, dei siste åra fungerte han som ein drivande styreleiar i historielaget.

Me lyser fred over minnet hans!

Birger Lindanger

 



 

Bilde av solnedgan - Klikk for stort bileteSolnedgang Kjetil Eivind Øvrebø Hamre


Gode kollega – takk for alt!

Hans Faye blei tilsett som kommuneingeniør i Bokn kommune 15.10.1969. Han slutta i stillinga i november 1972. Etter nokre år i Stavanger med vidareutdanning og jobb i Stavanger kommune vart han i september 1976 på ny tilsett som kommuneingeniør i Bokn kommune i. Stillingstittelen blei seinare endra til teknisk sjef. Då Hans Faye slutta i 2017 hadde han jobba i Bokn kommune i over 43 år.

I mange av desse åra var Hans aleine med det faglege og administrative ansvaret for dei omfattande og mangearta tenestene som teknisk etat i kommunen har ansvaret for. Arbeids- og ansvarsområdet strekte seg frå kommunale byggeprosjekt, ansvar for VAR-sektoren, kommunale vegar, natur- viltforvaltning og ikkje minst plan- og byggesaksbehandling. Hans var i tillegg brannsjef og fekk etter kvart ansvar for utarbeiding av kommunale beredskapsplanar basert på omfattande risiko- og sårbarhetsanalysar. Som teknisk sjef var Hans og sekretær for teknisk hovudutval.

Bilde av Hans Faye. - Klikk for stort bileteHans Faye. Mona Faye

Hans hadde stor arbeidskapasitet og hadde god kompetanse innanfor dei store fagområda han hadde ansvaret for. Han var ein dyktig saksbehandlar med god evne til å formulera seg så vel munnleg som skriftleg. Han var ein lojal medarbeidar og ein godt likt kollega. Etter kvart som stillinga i tråd med samfunnsutviklinga fekk nytt innhald og det vart stilt nye krav til kompetanse, gjennomførte Hans interne og eksterne kurs og etterutdanning for å skaffa seg den nødvendige kompetansen.

Hans følgde godt med på aktuelle trendar i tida og var genuint opptatt av å fornya seg slik at han alltid hadde nødvendig kompetanse til å gjere den jobben han var tilsett i. Det gjaldt både i forhold til å bruke IT som verktøy innan saksbehandling, utvikling av prosessar for medverknad når det gjaldt kommunal planlegging, krav til bruk av ROS-verktøy i saksbehandlinga til generell kunnskap om dei arbeidsområda han hadde ansvar for.

Bokn kommune har gjennom dei åra Hans jobba i kommunen vore gjennom store endringar - frå å ha vore ein øykommune til å bli ein fastlandskommune. Hans var sentral i arbeidet med dei mange store planleggings- og utbyggingsprosjekt som Bokns fastlandssamband og seinare planlegging og byggestart for Rogfast førte med seg. Vidare var han sentral i gjennomføringa av alle større kommunale prosjekt som mellom anna bygging av Boknatun, utbygging av bustadfelt, tilrettelegging for fiskerihamn og næringsområdet ved Knarholmen.

Kommunal planlegging med brukarmedverknad, beredskapsplanlegging og ROS-analysar blei eit stadig viktigare kompetanseområde i kommunane som fylgje av at dette blei heimla i Plan- og bygningsloven og i eiga lov om beredskap. Dette var og fagområde som Hans hadde ei særleg interesse og som etter kvart blei hovudarbeidsområdet hans. For at kommunen skulle få nødvendig kompetanse innanfor fagområdet gjennomførte han Komplan – kurset som både gav godt innblikk i planlovverket og kompetanse til å køyre planprosessar i eigen kommune – noko Bokn hadde stor glede av både i arbeidet med utarbeiding av kommuneplanar og Beredskapsplanar. Hans har gjennom dette arbeidet sett eit tydelege avtrykk.

Me lyser fred over minnet hans!

Jan Erik Nygaard