Kvardagsrehabilitering

Fv. Ergoterapeut Tonje Medhaug, sjukepleiar Birgitte Knutsen og fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen ved fyrlykta i Føresvik, 13. oktober i år. - Klikk for stort bileteFv. Ergoterapeut Tonje Medhaug, sjukepleiar Birgitte Knutsen og fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen ved fyrlykta i Føresvik, 13. oktober i år. Jardar Havikbotn Informasjon om kvardagsrehabilitering, trygg og aktiv i eige liv.

Av Tonje Medhaug

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er eit gratis tilbod som inneber trening og støtte for å meistre kvardagen betre. Det er eit tidsavgrensa tilbod, ofte over 6 veker. Du vil få tilbod om trening opptil 4 gonger i veka. Treninga skjer i heimen og nærområdet ditt, og fokuset er på dei daglege gjeremåla du ynskjer å meistre.

Målet med treninga er at du skal ha ein aktiv kvardag i eige liv. DU sett deg mål for kva DU syns er viktig å meistre i DIN kvardag.

Eksempel på trening: Lage middag, gå tur, balansetrening, dusje utan hjelp, gå på butikken mm.

Ved behov kan me også kartlegge hjelpemiddelbehov og gje råd om enkel tilrettelegging av bustad.

Kven er me?

Kvardagsrehabiliteringsteamet består av sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og heimetrenerar (heimesjukepleie) som alle ynskjer å bidra til at du skal nå dei måla du har sett deg. Me tek utgangspunkt i «kva er viktig for deg?».

Er dette noko for deg?

  • Har du vanskar med å utføre daglege aktivitetar?
  • Vurderer du å søke hjelp til daglege gjeremål?
  • Er du over 65 år?
  • Har du hatt eit nyleg funksjonsfall?
  • Er du redd for å falle eller har du fått dårlegare balanse?

Då kan kvardagsrehabilitering vere noko for deg! 

Tilbodet er for deg som ynskjer å bli buande heime og klare deg best mogleg sjølv. For at du skal nå måla dine, krev det innsats frå deg. Det er viktig at du prøver å gjere aktivitetar på eigenhand, og ikkje tar i mot hjelp til gjeremål du eigentleg klarer sjølv. Dette er god trening, og er viktig for å oppretthalde funksjon og god helse.

Uforpliktande samtale

Er du interessert i tilbodet eller lurer på om dette er noko for deg? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale med ein av oss i kvardagsrehabiliteringsteamet!
Om det er stor pågang blir du satt på venteliste og vil bli kontakta så snart det er kapasitet.