Kulturprisen 2017

Vinnarane av Bokn kommune sin kulturpris 2017, Erik og Anette Våga.

Formannskapet i Bokn vedtok i møte 28. november at Bokn kommune sin kulturpris 2017 går til Erik og Anette Våga. 

I formannskapet si grunngjeving heiter det m.a. at dei får prisen for sitt mangeårige engasjement i mykje av det som angår samfunnet Bokn, og i eit folkehelseperspektiv framstår dei som ukuelige optimistar og har eit stort brennande hjarte for samfunnet og for fellesskapet. 

Som både trenarar, initiativstakarar og dugnadsmotorar i Bokn Idrettslag brenn prisvinnarane for dei unge, men også for prosjekt som gagnar heile bygda. Namna deira er sterkt knytta til Alvestad nærmiljøanlegg, med realisering av både kunstgrasbane, toalettbygg og gapahuk, der Anette skaffa sistnemnde bygg fleire hundretusen kroner i støtte etter søknad gjennom Bokn Sanitetsforening.

Ekteparet sin skapartrong kjem heile boknasamfunnet til gode; i dag og for framtida. 

Kulturprisen skal delast ut på luciafesten 10. desember kl. 18:00 i Bokn Arena.