Kulturminneplan Bokn kommune 2020 – 2023

Frå framsida av planen. Jardar Havikbotn Bokn kommune ynskjer med dette å invitere til å koma med innspel til Kulturminneplan for Bokn kommune 2020- 2023.

Av Anne E. Askeland

Har du innspel til planen lyt du senda dei inn i løpet av perioden 5.juni til 5.juli 2020. Innspel sender du til post@bokn.kommune.no

Merk med «Innspel til Kulturminneplan Bokn kommune 2020-2023».

Kulturminneplan (PDF, 5 MB)

Planen er utarbeidd som ein temaplan som redegjer for rammene for arbeidet og som skildrar den lokale kulturarva på Bokn. I tillegg prioriterer ein kulturminne som, i samarbeid med både grunneigarar og andre involverte, bør løftast fram i planperioden for slik å sikra at også kommande generasjonar kan byggja identitet basert på lokalhistoria vår.

Å ha oversikt over kulturminna som finst i kommunen er av avgjerande betydning i arealplanlegging og anna planlegging. På denne måten sikrar ein at ein tek vare på kulturminne som skal og bør vernast for framtida.

God lesnad!