Elisabet Taraldlien
Jardar Havikbotn
Der vil det bli sal av sunn mat; smoothie, grove vaflar, toast og fylte horn, og sal av kaffe og te. Det vil også bli arrangert aktivitetar for store og små, og det vil alltid vere noko å finna på.
Samlingspunkt
- Eg håpar dette kan bli eit naturleg samlingspunkt for folk i bygda, der me kan møtast til ein god drøs, treffa naboen, ha med barnebarna, sjå nye fjes, setta seg nedpå ei stund, leika, spøta eller «barra chilla» så ungdommen seier, fortel ho entusiastisk.
Kulturkaféen vil altså opna i idrettslaget sine lokale på idrettshuset. Det vil i starten vera ope éin dag i veka, onsdagar frå kl. 15:00 til 21:00.
Artep blir lagt ned
Elisabet Taraldlien er dama bak Artep, eit populært tiltak som har halde til oppe på Kyrkjebygd. Artep var eit fritidstilbod for barn og unge frå 5. klasse og opp til 18 år.
- Det har det i aller høgste grad óg vore, men eg ser at me treng noko meir, noko anna. Besøket på Artep har vore varierande, men eg har fått mange tilbakemeldingar på at me treng eit slikt tilbod, seier miljøterapeuten.
Elisabet Taraldlien ser fram mot opninga i august.
- Då skal eg stå klar med kaffe, te, nybakst og noko anna god mat, og gi alle som kjem eit stort smil, og ynskja alle hjarteleg velkomne!