Koronavaksinen

Koronavirusvaksine - Klikk for stort bileteKoronavirusvaksine lmi.no Korleis får du han, når kan du få han og kvifor bør du ta han? Status pr. 25. juni.

Av kommuneoverlege Jan Schille

Vaksineteamet vårt har sidan i vinter sett dosene vi har fått, og med si erfaring får dei no stort sett 7 dosar frå kvart glass. Det betyr at vi, tross endringar i vaksinefordeling, no held på med å gi første dose til dei mellom 50 og 45 år. Alle som vil i risikogruppene har fått minst ein dose.

Nye grupper gjennom sommaren

Vi vil få levert doser gjennom heile sommaren. Dei neste gruppene som skal få vaksine er dei mellom 40 og 44 år og dei ifrå 18 til 24 år. Etter dette står dei med alder mellom 25 og 39 for tur.

Registrert deg?

Har du registert deg for vaksine? Vi ser at det er mange av dei som står for tur framover som ikkje har registrert seg. Vi ber deg som vil ha vaksine bestille på SMS:

Send SMS til 2097. Skriv BOKN fødselsdato namn + ønsker koronavaksine

Skal vi kontakte deg på eit anna nummer enn det du bestiller ifrå så berre skriv dette i meldinga. Du kan og bestille time for andre på denne måten. Tilhøyrer du ei gruppe som skal bli prioritert, skriv du kva gruppe du tilhøyrer i meldinga.

Døme: BOKN 123456 Kari Nordmann ønsker koronavaksine, er sjømann.

Viktig: Denne tenesta blir primært sjekka onsdagar av vaksineteamet medan legekontoret er feriestengt (12/7- 7/8). Sender du SMS ein torsdag kan du ikkje rekne med svar før onsdagen etter, men du vil få svar!

3 millionar dosar

Nokre er kanskje enno skeptiske til vaksiner generelt - og Pfizer-vaksinen spesielt. Det er fram til i dag sett 3 milloner doser med Pfizer sin vaksine i Noreg – du som no kan få vaksine blir ingen prøvekanin, men får ein vaksine som er trygg og som har god og høg beskyttelse mot koronasjukdom. Treng du fleire grunnar?

Hjelp andre!

Vaksinen beskyttar! Talet på dødsfall pga. korona har stupt i takt med vaksineringa. Nokre spesielle grupper kan pga. sjukdom eller behandling ikkje ta vaksinen. Den som ikkje vil ta vaksinen tar ifrå desse menneska beskyttelsen som ligg for alle i høg vaksinedekning. Registrer deg så kan du hjelpe andre også! Vis veg for dei som tviler – registrer deg, ta vaksinen og gled deg over eit samfunn som opnast vidare opp.