KI-basert nettsidesøk

Nettsida til Bokn kommune vil i ein prøveperiode ha søkefunksjon med kunstig intelligens (KI).

Bilde av ein person som sit og jobbar framfor PC'en. - Klikk for stort bilete KI-generert bilde

Frå i dag, 31. januar, og ut mars vil søkeruta “Kva leitar du etter?” vera supereffektiv. Berre prøv!

Lynraske svar

Nå kan du skriva heile setningar når du skal søka etter ting på nettsida. Søket gir lynraske svar og skriv ut eit samandrag som ofte er nok til at du får løyst oppgåva.

Send gjerne ei melding til oss om korleis du opplever søkefunksjon med kunstig intelligens.