Datatreff har lange tradisjonar i Bokn. Her frå Bokn skule, juni 2003.
Jardar Havikbotn
Når? Laurdag 23. januar kl. 12.00 til søndag 24. januar kl. 12.00.
Me har behov for vaksne som kan stille som vakter i Bokn Arena, både på dagtid, kveldstid og gjennom natta. Ein treng sjølvsagt ikkje vere med heile døgnet - alle som kan bidra med nokre timar, er til stor hjelp! 🙌
Me er førebels i planleggingsfasen og ønskjer i første omgang å undersøkje om me klarer å få nok vaksne til å gjennomføre arrangementet.
Ta kontakt
👉 Kunne du tenkt deg å stille som vakt? Send oss ei melding, tlf. 453 70 275. Skriv gjerne om du kan bidra på dagtid, kveld eller natt.
Me håpar mange har lyst til å bidra, slik at ungdommane kan få eit kjekt og sosialt LAN! 🎮💙
Del gjerne innlegget vidare!