Julegrantenning i nytt lys

Klikk for stort bileteFrå julegranstenninga i 2007. Kyrre Lindanger Om nøyaktig tre månader inviterer Bokn sanitetsforening til tenning av julegrana på Boknatun.

Hendinga blir tysdag 1. desember kl. 18:00, og Musikkorpset vil vera med og spela julesongar.

Gratisarrangementet, som vil gå føre seg ute på plassen rundt treet, er under planlegging, men det blir opplyst at gløgg, boller, pølser og nisse allereie er klart.

- Så har me bestilt ein kvit 1. desember, seier leiar i Saniteten, Daghild G. Alvestad.

(Julegrantenninga vil sjølvsagt retta seg etter dei smittevernsreglane som gjeld når den tid kjem).