Ivaretatt? - spørjeundersøking for pårørande

Intivitasjon til å gi tilbakemelding til kommunen om korleis du opplever å bli involvert og ivaretatt som pårørande.

Gå direkte til spørjeundersøkinga 

Plakat, pårørandeundersøkinga - Klikk for stort bilete parorendeundersokelsen.no

Er du pårørande til nokon som får kommunale helse og omsorgstenester?

Pårørandeundersøkinga IVARETATT? er for deg som er over 18 år, og som er pårørande til nokon som får kommunale helse- og omsorgstenester. 

Med kommunale helse og omsorgstenester meiner ein mellom anna sjukeheim, ulike heimetenester, omsorgsbustad og bufellesskap. Det kan mellom anna vera BPA, støttekontakt, avlasting, samtaletilbod og aktivitetstilbod som er innanfor helse- og omsorgstenestene i kommunen.

Både næraste pårørande og andre pårørande kan svara. Du er i denne samanhengen pårørande dersom du er i familie med, eller i annan nær relasjon til, nokon som du kjenner omsorg eller ansvar for, og som har ein eller fleire kommunale helse- og omsorgstenester. Den du er pårørande til, blir undersøkinga omtalt som "tenestemottakar".

Pårørandeomsorg

Formålet med undersøkinga er å undersøkja korleis pårørande opplever å bli inkluderte og ivaretekne av helse- og omsorgstenestene, slik at kommunane kan bruka dette i kvalitetsarbeidet sitt om pårørande. 

I tillegg vil resultat frå undersøkinga kunna nyttast til forsking om pårørandeomsorg i norske kommunar, for å retta større fokus på dette. Dei som kan henta ut resultat frå undersøkinga, har berre tilgang til anonyme data. Det er ikkje er mogleg å finna ut kva akkurat du har svart. Dersom du har noko du ønskjer å snakka med tenesta om, må du derfor kontakta tilsette direkte.

Gå direkte til spørjeundersøkinga