Informasjon til boknarane

Ordførarklubba på blå botn. - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn Her kjem litt informasjon frå kommunestyret, 8. september 2020.

Av ordførar Osmund Våga

Årsmelding og rekneskap blei godkjent. Eg oppfordrar folk til å lese dei. Her står det mykje interessant om drifta i kommunen.

Årsmelding 2019

Rekneskap 2019

Rekneskapet syner eit flott overskot på over 6 mill. Her må eg få gi ros til administrasjonen for å halde god kontroll på økonomien, sjølv om mykje av dette kjem frå ei ekstra utbetaling frå havbruksfondet.

Overskotsfordeling

Då er me i ein heldig situasjon der me kan disponere overskot, heller enn å prøve å dekke eit underskot.

Det blei fordelt på følgande måte:

500 000 til flomsikring/overflatevatnproblematikk.

Det har vore et problem med overvatn i området rundt Boknatun, her må det gjerast noko for å unngå skader på bygget.

500 000 til næringsfond.

Mykje av overskotet til Bokn kjem frå næring, så her vil vi gi litt tilbake. Vi fyller på næringsfondet så vi kan gi støtte til små og store bedrifter i forbindelse med oppstart og investeringar. Her vil vi oppmode næringslivet til å søkje, og samstundes oppfordre til at dei samlar seg i ei foreining som kommunen kan ha kontakt med. Det var tidlegare eit næringsforum i Bokn, og vi vil oppfordre til at dei får dette i gong igjen.

500 000 til vedlikehald av vegar i Bokn.

Ein del vegar treng oppgradering eller vedlikehald, så vi set av midler til det.

100 000 til vedlikehald av ballbingen på skulen.

 

100 000 til pc-ar til skulen.

 

140 000 vert brukt til å finansiere sommarjobb for ungdom, det har vist seg å vere eit populært tiltak, og vi håper å kunne fortsette med det neste år også.

 

80 000 vert brukt til å finansiera oppjustering av kulturmidlar. Det vart redusert i budsjettet, nå brukar me av overskotet til å justere det opp igjen.

 

Det resterande vert sett av på disposisjonsfondet.

Det var også ei sak med ekstra midler fra staten i forbindelse med korona.

Bokn fekk 714 316 kr som vert fordelt slik:

  • 200 000 til sanitæranlegg i Føresvik.
  • 200 000 til styrking av prosjektet «opplev Bokn».
  • 314 316 overført til næringsfondet, men med spesielle krav og kort søknadsfrist.

Dette har vore informert om i ei eiga sak.

Tilskot til skule

I kommunestyret 31.3.2020 vart det vedteke å auke budsjettramma for skulebygging med 3 mill. for å inkludere kulturskule i prosjektet. Dermed kunne ein søke kulturmidlar frååfylket til dette.

Regional-, kultur- og næringsutvalgets i fylket behandla dette i sak 52/2020 i møte den 27.08.2020, og Bokn blei tildelt 1,5 mill.

Dette var vel omtrent i tråd med det me hadde forventa, og kjem godt med i skulebygginga.

Kula ( Kulturlandskap av nasjonal interesse)

Riksantikvaren har sendt ut forslag om 17 landskap i Rogaland som skal inngå i registeret Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Aktuelt område i Bokn er eit utvida Hognalandsbasseng, inkl.Grønnestadvågen, Sunnalandsstraumen, Klepp og Skodahabn.

Forslaget gjeld fiskevær frå fortida (jernalder/middelalder), såkalla fjæremannstufter.

Vi har forståelse for Riksantikvarens interesse, men meiner det kan gi for store begrensingar for aktivitet i Bokn og at boknarane er best eigna til å vurdere dette sjølv, så vi vedtok at vi går mot at dette området skal med i registeret. Vi vil heller diskutere dette i revidering av arealplanen som vi begynner på nå.