Informasjon frå ordføraren

Orførar Osmund Våga. Ukjent Nå er vi komne eit par veker inn i Corona- epidemien og begynner å få oversikt. Det ser ut til at antallet nye smitta flatar ut, så tiltaka som er iverksette ser ut til å virke.

Det er viktig at alle følger råda frå myndighetene. På våre heimesider publiserer vi desse råda og annan info om Corona.

Vi har fått spørsmål om opphald på hytter. Her er det ikkje noko forbod enno, men ei sterk oppfordring frå myndigheitene om å ikkje nytta hytter i andre kommunar enn der ein bur. Så eg forventar at folk følger dette.

Vi har ingen smitta i Bokn enno, men ein del i karantene.

Skule og barnehage

Desse er stengde og elevane er gått over til heimeundervisning. Det ser ut til at dei klarer det betre enn oss vaksne som prøver så godt vi kan å halde møter via nett. Vi er klar over at det medfører problem for enkelte at skule og barnehage er stengde, men det er dessverre nødvendig. Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan få dispensasjon frå dette, men kun etter søknad til kommunen.

Grunnen til at skular er stengde er for å hindre smitte mellom elevar som dei så kan ta med heim til sine familiar. Av samme grunn bør barn og ungdom redusera nærvær med kvarandre.

Ikkje ha unødig kontakt

Vi har fått melding om at barn er samla i f.eks ballbinge, det vil vi oppfordre til å la vere. Vi vil også oppfordre andre til å ikkje ha unødig kontakt.

Sjukestova er stengt for besøk av hensyn til pasientane, og dei tilsette gjer ein stor innsats for å hindre smitte. Vi vil rette ein takk til dei, og andre tilsette som gjer ein stor innsats i ei vanskeleg tid.

Vi i politikk og administrasjon prøver å halde møter via nett, og blir stadig flinkare til det. Så får vi håpe at dersom alle held seg til dei råda som blir gitt, vil dette vere over i løpet av nokre månader, og livet kan gå tilbake til normalt.