Influensa og koronavaksinering hausten 2026

I år er levering av influensavaksinen forsinka, og forventa levering er no i løpet av neste veke (veke 46). 

Dør inn til Bokn legekontor. - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn

I år som tidlegare vert det Bokn legekontor som vil tilby vaksiner til innbyggarar i kommunen. For bedre logistikk og mindre svinn, vil vi i første omgang tilby koronavaksinasjon desse dagane:

Vaksinasjon
Tysdag17. novemberkl. 1230 - 1430
Onsdag18. novemberkl. 10 - 1430
Onsdag25. novemberkl. 10 - 1430
Onsdag2. desemberkl. 10 - 1430


Influensavaksinen kan du få ilag med koronavaksinen eller utanom, kom innom etter kl 10 ein dag legekontoret er opent etter 16. november.

Du treng ikkje bestille time for å få vaksine. Etter vaksinering bør du sitte til observasjon i 20 minutt.  

Kven bør vaksinere seg?  

For influensavaksinen:   

Spesielt alle over 65, gravide frå veke 12, helsepersonell, alle med kronisk hjerte/lunge/lever/nyre/nevrologisk sjukdom, som er overvektige eller har svekka immunforsvar.

For koronavaksinen: 

Alle over 75 år, dei mellom 18 og 75 som høyrer til ei risikogruppe, dei mellom 12-17 med alvorleg grunnsjukdom og dei under 12 år, etter vurdering av lege.  

PRIS:  

  • Koronavaksine: 110 kr for deg i risikogruppe, 85 kr dersom du tek den ilag med anna vaksine.  
  • Influensavaksine:  200 kr