Imponerande søppelplukking

Strandsonerydding, 23.07.20 Grieg Seafood Rogaland, avd. Trosnavåg 23. juli plukka sommarvikarar ved Grieg Seafood på Trosnavåg boss i strandsona.

Som det går fram av bilda fann dei ein god del – strålande innsats!

Produksjonssjef Atle Jøsang fortel at det denne sommaren er 17 ungdommar innom bedrifta.

- Som alltid er det utruleg stas å ha den flinke ungdommen i arbeid hos oss, seier han.

Glimt frå dagen:

Andre aksjonar

Aksjon-Trosnavåg føyer seg inn i rekka over fleire ryddeaksonar denne våren og sommaren, trass i koronasituasjonen. I tråd med smittevernsreglane har mange flinke miljøarbeidarar vore i aksjon, etter å ha tatt kontakt med kulturkontoret.

Her er ei oversikt, med namn på kontaktperson/organisator. I tillegg har også skule og barnehage hatt sporadiske aksjonar i perioden.

Holmar i Lodenbassenget

Kristine Alvestad

Avslutta

Jøsang

Sandra Jøsang

Avslutta

Knarholmbakken-Havnavegen

Annette Bokneberg

Avslutta

Kråkevågen

Arild Hamre

Pågår

Longatunga

June Kro

Avslutta

Skodahabn

Elisa Skeie

Avslutta

Steinsvikane

Annette Bokneberg

Avslutta

Ådnaneset

Hans Faye

Pågår


Har du lyst å rydda, fyll ut skjemaet nedst i artikkelen under, så blir du kontakta av kulturkontoret.

Mange flinke

Strandryddeuka 2020

Hold Norge Rent si strandryddeveke i mai blei utsett pga. koronasituasjonen. Dei inviterer til nasjonal ryddedugnad i perioden 5. til 20. september. Om det blir noko av dette – og ev. strandryddedag i Bokn, er avhengig av korleis koronasituasjonen vil vera når den tid kjem.

TV-aksjonen NRK 2020

Det same gjeld for 18. oktober, då årets TV-aksjon skal arrangerast. Han skal nemleg ha fokus på WWF sitt arbeid for å bekjempa plast i havet.

Me vil koma tilbake til desse arrangementa.