Ikkje trygg is

Arkivbilde, islagt Boknabergsvatn. - Klikk for stort bileteArkivbilde, islagt Boknabergsvatn. Jardar Havikbotn Ein lesar har sjekka isen på Boknabergsvatnet, som er 8 cm. NVE rår generelt ikkje folk til å ferdast på is som er tynnare enn 10 cm.

Ismålinga på det populære skeisevatnet blei gjort innanfor holmen, på sørsida.

Eige ansvar

Bokn kommune driv ikkje ismålingar, og kan aldri garantera at isen på eit vatn er trygg. Dei som ferdast på islagte vatn, gjer det på eige ansvar.

Kommunen anbefaler å gjera eigne målingar før ein går ut på vatnet, og oppfordrar alle lesarar til å melda frå om ismålingsresultat, slik at me kan ta godt vare på tryggleiken.

Sjå isvarslinga til varsom.no her:

Isvarsling

Les også Haugaland Brann og Redning sin artikkel om temaet:

Ferdsel på islagt vann