I toppen

Skjermbilde frå blimed.no: Innsamla i Bokn dei fem siste åra. - Klikk for stort bileteSkjermbilde frå blimed.no: Innsamla i Bokn dei fem siste åra. Skjermbilde frå blimed.no Sjølv om bøssebeløpet i årets digitale TV-aksjon (TVA) gjekk mykje ned i Bokn, held kommunen seg blant dei fem mest gavmilde i landet – noko som er eit svært bra resultat!

Innsamlingsbøssa frå Coop Prix Bokn. - Klikk for stort bileteInnsamlingsbøssa frå Coop Prix Bokn. Osmund Våga Samanlikna med fjoråret var den sterke nedgangen i bøssebeløp på heile 78%. Samtidig var det dobbelt så mange som vippsa i år.

Det kan vera mange grunnar til at så få nytta seg av dei digitale bøssene. Mykje kan tyda på at folk som ikkje føler seg heildigitale, i alle fall føler seg trygge på å bruka Vipps på vanleg måte.

Rekord

Kommunekomitéen er svært nøgde med at det blei gåverekord i år. Det som tidlegare heitte næringlivsstafetten, men som nå samlar gåver frå organisasjonar, private og anna, samla inn over 55 000 kr - eit fantastisk resultat!

Fysisk bøsse

Me fekk lov av TVA å ha ei fysisk innsamlingsbøsse på Coop Prix Bokn i aksjonsveka. Denne blei tald opp av ordføraren og underteikna i dag, måndag 19. oktober. Ho inneheldt 1 671 kr, som er registrert blant gåvene.

Skulebasar/skulespleis

NRK har slått saman desse i søylediagrammet sitt, og på mange måtar er dette naturleg. Då ligg dette beløpet over fjorårets basarresultat. Faktisk er det berre 3 681 kr opp til basarrekorden frå 2018 på 40 731 kr.

Både spleisen "Bokn skule hoppar i havet" og dei digitale bøssene er opne ut oktober.

Takk!

Ordførar Osmund Våga vil takka alle som bidrog til det flotte resultatet for Bokn ved årets TV-aksjon! 

Sjå resultat