Hundebæsj

Pose med hundebæsj. - Klikk for stort biletePose med hundebæsj. Lars Øyvind Alvestad Hundeeigarar som plukkar opp etter hunden sin, bør ta med posen til nærmaste søppeldunk.

Emil O. Alvestad er ikkje imponert over kva folk lar ligga igjen. - Klikk for stort bileteEmil O. Alvestad er ikkje imponert over kva folk lar ligga igjen. Lars Øyvind Alvestad Fleire turgåarar har sett seg leie på posar med hundeskit på den populære turstien i Føresvik. Blant dei er Lars Øyvind Alvestad, som her ein dag fann heile fem posar på eit strekke på rundt 300 m.

Hundeeigarar blir oppfordra til å plukka opp ekskrementa når dei går tur med hunden, og hiva dei i nærmaste bossdunk.. 

Aktsemd

Det er kanskje på sin plass å minna om Hundelovens §3, som omhandlar aktsemd. Der står det m.a. følgande:

"Hundeholderen skal sørge for at hunden eller hundeholdet ikke er til urimelig ulempe for folk, miljø eller andre interesser."

Nokon kan heilt sikkert gjera ein innsats for å få det betre.