
I morgon 1. mars er det onsdag. Det er det ikkje i Boknakalenderen 2017.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 28.02.2017 15.42
Tidleg i januar skreiv me om at kalendariet i årets boknakalender for mars er feil.
Så har du denne kalenderen på veggen må du vera på vakt frå i morgon og til 1. april. Det enklaste er å lima den korrigerte versjonen over, som du finn nedst i artikkelen frå førre månad.
Du kan også henta ein utskrift av mars-kalendariet på kulturkontoret, viss du ikkje kan skriva ut sjølv.