Hugs hundepose

Bokn kommune har fått inn rapportar om mykje hundeskit i og rundt Føresvik, og oppfordrar hundeeigarar å plukka opp ekskrementa når dei går tur med hunden.

Person med hund i band og hundepose på tursti. - Klikk for stort bilete KI-generert bilde

Nokon kan heilt sikkert gjera ein innsats for å få det betre.

Bandtvang 1. april - 20. august

Frå 1975 til hundeloven kom i 2004 var det bandtvang heile året i Bokn. Hundeloven oppheva Bokn kommunestyre sitt vedtak av 15. desember 1975; Forskrift om båndtvang for hund, Bokn kommune. Der stod det m.a. følgande:

«Eigar eller innehavar av hund i Bokn kommune skal handa hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda heile året.»

Fleire kommunar vedtok i fjor reglar om ekstraordinær bandtvang, etter §6 andre ledd. Bokn kommune har ikkje vedtatt ekstraordinær bandtvang.