Historisk møte

Skjermbilde av kommunestyremøtet. Jardar Havikbotn Det digitale kommunestyremøtet 31.03.20 blei eit møte for historiebøkene. Ordføraren var nøgd med gjennomføringa.

Opptak av møtet nedst i artikkelen.

I desse koronatider var det, som mange andre stader i landet, Microsoft si kommunikasjons- og samarbeidsplattform, Teams, som blei verktøyet for møteavviklinga.

- Bortsett frå ei skulesak var alle sakene godt eigna for eit slikt virtuelt møte, fortel ordførar Osmund Våga.

- Skulesaka var litt for komplisert og hadde nok eigna seg betre der alle sat rundt samme bord.

Saka blei diskutert i ein time og avbroten av gruppemøte, der alle kobla seg av kommunestyremøtet, kobla seg opp i partigruppe og så tilbake i kommunestyret.

Få utfordringar

I starten på møtet blei det praktisert eit opprop av alle kommunestyremedlemmene. Ved avstemming fekk dei folkevalde ordet ein etter ein, og sekretariatet i Servicetorget talde stemmene. Ingen hadde problem med å kobla seg til og seia det dei ville.

Sekretariat i Servicetorget; Åse Helen Alvestad med Gro Sørensen bak. Åse Helen Alvestad Det var til og med noko som var lettare å gjennomføra digitalt enn ved eit fysisk møte.

- Taleliste på chat fungerte fint. Då slepp ein å notera ned, alt står i chatten.

Ordføraren registrerte også fire tilhøyrarar på møtet, noko som viste at det var mogleg for publikum å følga med på den digitale hendinga.

Ein veg

Koronakrise eller ei - Osmund Våga trur at verda beveger seg denne vegen.

- Det blir brukt altfor mykje tid, pengar og drivstoff på at folk skal reisa og møtast fysisk. Nå har me hatt fellesmøte med ordførarar, rådmenn etc. i andre kommuner. Effektivt - ikkje behov for å reisa til Haugesund eller Stavanger, berre trykk på skjermen så er møtet i gong - og eit nytt trykk, så er ein tilbake på kontoret.

Kommunestyremøte 31.03.20