Held festtale på nasjonaldagen

Tore Øvrebø LinkedIn  Toppidrettssjef Tore Øvrebø er årets 17. mai-talar på Bokn.

Tore Øvrebø (54), med slekt på Bokn, har vore landslagsroar og konkurrert for Stavanger Roklub. Han rodde for Noreg i sommar-OL i 1988 og ro-VM i 1989. Seinare blei han landslagstrenar for roarane, m.a. då Olaf Tufte tok OL-gull i 2004. Han hadde også trenaransvar då Tufte tok OL-gull i 2008.

Årets 17. mai-talar har vore tilsett ved Olympiatoppen frå 2004, og vore toppidrettssjef sidan 2013.

Stammar frå Bokn

Tore Øvrebø, søskenbarn til Børt Åge Øvrebø i Alvestadkroken, er son av Årstein Øvrebø, som er oppvaksen på Nylund like nord for Fyren. Årstein var son av Borgine (født Alvestad) og Ånen Øvrebø fra Øvrebøvågen. Foreldra til Tore Øvrebø har hytte i Straumen.

- Dei fleste somrane som barn oppheldt eg meg i Boknasundet på Nylund, seier Tore Øvrebø, som ser fram til å halda årets festtale på 17. mai.

(Kjelde: Wikipedia)