viltband.no
Å køyra på ville dyr kan vera både skremmande og farleg. Ein viltpåkøyrsel medfører materielle skadar, lidingar for det trefte dyret og kan også medføra personskade.
For å letta arbeidet med å finna igjen skadde dyr, blir det tilrådd at det ligg viltbånd i alle bilar.
Det skal brukast ved ein viltpåkøyrsel til å merka av staden der påkøyrselen skjedde, eller kor skadde vilt løp bort frå vegen.
Viltbandet blir hengt opp i næraste tre eller busk. Staden blir dermed lett å finna igjen for dei som har ansvar for ettersøk etter det skadde dyret.
På viltbandet er det tydeleg beskrive kva ein skal gjera i ein påkøyrselsituasjon; kven du skal ringja og kva du skal gjera. Dei har både tekst på norsk og ein kort tekst på engelsk.