Handballen rullar igjen 

J10 med trenar Lene Aksdal. I målet fv. Nora Skjelde Prestbø, Linnea Grønnestad Palmer, Hanna Røsdal Lund, Live Øvrebø, liggande: Synne Phatphrom Alvestad. - Klikk for stort bileteJ10 med trenar Lene Aksdal. I målet fv. Nora Skjelde Prestbø, Linnea Grønnestad Palmer, Hanna Røsdal Lund, Live Øvrebø, liggande: Synne Phatphrom Alvestad. Simon Sjøen I dag, 1. oktober 2021 er Bokn Arena 5 år. Då passar det å presentera at hallen nå er endå betre tilrettelagd for idrettsaktivitetar. Fleire bilde nedst i artikkelen.

23. september fekk dei fire små handballmåla til Bokn IL målfester (brønnar), slik at måla kan sikrast forsvarleg under trening og kampar. Arbeidet blei utført av dei same folka som har laga dei andre brønnane til f.eks. volleyballnetta i hallen.  

- Nå kan det trenast eller spelast kampar frå langside til langside for dei minste handballspelarane i felt nord og midtfeltet, også på same tid. Det er ein god motivasjonsfaktor for trenarane og meg, seier lagsleiar Simon Sjøen.  

Største aktiviteten

Han skryter av trenarane, og nemner at handball, med tre lag, nå er den største aktiviteten for barn i Bokn IL. 

Som mange idrettslag og andre frivillige lag og organisasjonar rundt om i landet, har Bokn IL mista ein del medlemmer i koronaperioden. 

- Me har av ulike grunnar mista personar frå alle aktivitetane våre i koronaperioden, men alle er velkomne tilbake og me håpar at aktivitetane tar seg opp utover hausten, avsluttar Simon Sjøen. 

Skulen og Bokn IL har avtale om å disponera utstyr av kvarandre, og måla vil nok koma godt med i gymtimane. 

Glimt frå dei første treningane med dei nye måla, 29. og 30. september:

2. og 3. kl.

J10

J12