Godt besøkt sildabord

Årets sildabord samla fullt hus då Bokn kommune og Kokkenes Mesterlaug inviterte til tradisjonsrik samling laurdag 15. august.

Bilde frå Sildabordet 2026 - Klikk for stort bileteFrå Sildabordet 2026 Edith H. Sæbø/Anja Alvestad

Foreldregruppa i 9. klasse stod for borddekking, servering og rydding, og gjorde ein flott jobb. Allrommet blei fylt opp, og ekstra bord måtte settast i gangen. Ordførar Egil Våge ønskte velkommen, og praten sat laust rundt borda.

Sildå – havets sølv – har vore ei viktig inntektskilde, arbeidsplass og matauk for folk på Bokn gjennom generasjonar. Sildafisket har forma lokalsamfunnet og står sterkt som tradisjon, sa ordføraren.

Sild og mimring

Derfor handlar sildabordet ikkje berre om gode silderettar, men om fellesskap, samtalar og litt mimring om det rike sildafisket som prega øya. 

-Det å koma saman på denne måten gjer godt for både kropp og sjel, i rolege omgjevnader der ein kan nyta maten og stemninga, slo Egil Våge fast.

Fleire glimt frå dagen: