Gode boknarar!

Nyttårshelsing frå ordføraren.

Bilde av ordførar Egil Våge. - Klikk for stort bileteOrdførar Egil Våge. Jardar Havikbotn

Av ordførar Egil Våge

2023 nærmar seg slutten og eit nytt år står klart med nye gleder og utfordringar.  

Eg håpar at alle har hatt ei fin julefeiring, og at de er klare for nyttårsfeiring og ein god inngang til eit nytt år!
Me har i dette året opna og tatt i bruk ein ny flott skule, som me er veldig stolte av og vil ha stor glede av i åra som kjem.

Rogfast-stein 

Rogfast er starta opp med tunnelboring. Transporten av steinmassane på lekterane ser me kvar dag passera i Boknasundet. Ein del steinmassar er blitt brukte til utfylling av kaiområdet ved High Comp. Det blir óg ført steinmassar til Karmsund hamn på Husøy for utviding av anleggsområdet der. Det er og blitt kjørt stein til Knarholmen, kor Finn Alvestad utvidar kaiområdet der Håflu ligg.

Utvikling av Føresvik

Det blir spennande å sjå korleis det blir i Føresvik når steinmassane som blir fylte ut der kjem til syne. 

Bildet viser transport av stein i Boknasundet. - Klikk for stort bileteEit kjent syn; transport av stein i Boknasundet, 23.09.23. Jardar Havikbotn

Utfyllinga skal vere ferdig i løpet av mars 2027. Utbygging på Nyholmen og utvikling av Føresvikområdet med ny COOP-butikk er viktig og framtidsretta, for å gjere Bokn til ein meir ettertrakta stad å busetje seg.
Bustadfelt på Boknaberg og Sæbøstølane i Føresvik er og under planlegging.

Nye E39 

Dette er ei sak som engasjerer, med traséval som rammar Boknasamfunnet hardt. Her må ein saman jobbe hardt for å få til den beste løysinga for Bokn når Statens vegvesen har konkludert med kor deira traséval blir. Dette er enno ikkje avklart, først skal alle høyringsinnspel bli gjennomgått. Me går spennande tider i møte.

Språkopplæring av flyktningar

Bokn har pr 31.12.23 tatt imot 35 flyktningar frå Ukraina. Dei har fått bustader her og gått gjennom språkopplæringsprogram på Karmøy. Det har vore ei utfordring for kommunen med transport til Karmøy, men nå håpar me å få til språkopplæring på Bokn. Neste steg etter språkopplæringa er at dei skal kunne få seg jobb og bli integrerte i samfunnet. Så håpar me at dei vil trivast med å bu på Bokn.

Bokn kommune er spurt om å ta imot ytterlegare 10 flyktningar i 2024. Me har sagt ja til å kunne ta imot inntil 20 nye så lenge me har bustader til dei. Her må me óg tenke på at me kanskje treng bustader til våre eigne ungdommar, eller andre som vil busetje seg på Bokn.

Optimisme

Å få auke i folketalet på Bokn er viktig, og det er kanskje ikkje det lettaste å få folk frå andre kommunar til å flytte til Bokn. Det viktigaste for oss er nok at våre eigne ungdommar flyttar tilbake til Bokn etter ferdig utdanning for å busetje seg. 

Det er eit godt arbeidsmarked på Haugalandet som treng arbeidskraft, alt frå lærlingar til ingeniørar. Landbasert industri og maritime fag er i stor vekst så det er mange moglegheiter. 
På Bokn er me alltid optimistar og ser positivt på framtida! 

Med ønske om eit riktig godt nyttår!

Egil Våge
Ordførar