Fylkesnæringssjefen på besøk i Bokn

Dagny Grønnestad Torsdag 22. mars vitja fylkesnæringssjef Elisabet Faret, Bokn kommune.

Bildet er frå møtet hjå Bokn Plast/High Comp. Frå høgre: Asle Strønstad - Opus Arkitekter, Tormod Våga - ordførar Bokn kommune, Elisabeth Faret - fylkesnæringssjef, Helge Rasmussen - adm.dir Bokn Plast/High Comp, Jan Erik Nygård – rådmann Bokn kommune, Anne Elisabet Askeland – samfunns- og utviklingssjef Bokn kommune.

Fyrst på programmet stod ei generell introduksjon til det mangfaldige næringslivet i Bokn. Det vart vist til den høge aktiviteten i både landbruk/jordbruk, fiskeri,  komposittprodukt, maritim verksemd samt til aktiviteten i oppdrettsnæringa vår.

Turen gjekk så til omvisning hjå Rogaland Marine ved Rune Stangeland. Vidare til Bokn Plast og High Comp ved Helge Rasmussen for så å avslutta ein svært spanande og lærerik dag hjå Grieg Seafood ved Atle Jøsang, ute i flotte Trosnavåg.

Alle involverte takkar for den flotte mottakinga vi fekk hjå bedriftene. Det er svært kjekt å få høyre og lære meir om dei, om drifta og om framtidsplanane deira.  

Fylkesnæringssjefen gav tydeleg uttrykk for at ho var imponert over det ho fekk sjå og oppleve på Bokn denne dagen.

Vi ynskjer henne hjarteleg velkommen att!