Friluftslivets år er i gang og "Hele Norge båler"

2025 er Friluftslivets år! 

Målet for friluftslivets år er eit ønskje om å inspirera deg til å oppdaga og ta vare på din nærnatur, invitera andre ut og prøva nye friluftslivsaktivitetar.

Bilde av Kongsbu . dagsturhytta i vinterdrakt - Klikk for stort bileteKongsbu - Dagsturhytta i vinterdrakt Sonja Mikkelsen

Friluftsliv er for alle og kan opplevast i naturen nær deg. Draumen er at alle skal finna friluftsgleda si. Det kan skjer når me er til stades i naturen og møter han med lekenhet, nysgjerrigheit og respekt – gjerne saman med andre. Saman skal me i 2025 skapa begeistring for eit naturvennleg friluftsliv, og senka terskelen for å delta.  Meir om Friluftslivets år

Det blir mykje merksemd om friluftsliv i 2025. Me ønskjer å inspirera deg til å bruka turområde der du bur oftare, og bli kjent med friluftslivsaktivitetar du kan oppleva saman med andre. I Bokn kommune har me flotte friluftsområder og turmål som kan opplevast til fots, på sykkel og via sjøvegen.  

Organisasjonar, lag, klubbar, grupper og foreiningar i heile landet er no klare til å invitera deg med på aktivitetar dei tilbyr. Det kan vera gåturar, sykling, samling rundt bål, orientering, padling, sanketurar, fisketurar og mykje meir. Sjå kva som skjer der du bur i aktivitetskalenderen for Friluftslivets år. Følg også med i lokalaviser, sosiale medium og andre kanalar. 

Hele Noreg bålar er startskotet for den landsdekkjande feiringa og markeringa Friluftslivets år 2025. Dette er ei ramme for arrangement over heile landet laurdag 18. januar 2025, og dei følgjande dagane. 

I Bokn blir dette markert ved Kongsbu - dagsturhytta i Bokn, samt at du sjølv kan tenne opp bål anten ved Ognahabn der Frilufstrådet vest har lagt ut sekker med ved, eller ein annan plass du sjølv ynskjer å tenne opp bål.  Hugs då på sporlaus ferdsel slik at du forlet naturen slik den var då du kom.