Filmfestivalstemning

Mini-filmfestival på biblioteket. - Klikk for stort bileteMini-filmfestival på biblioteket. Nina Samdal Fredag 12. november var det premierestemning på Bokn bibliotek og i Auditoriet då Den norske filmfestivalen var på Bokn.

Entréen til biblioteket hadde fått raud løpar med faklar. Mange fekk testa kjensla av å vera filmstjerne, før dei kom inn i eit popcornluktande og premierefestpynta rom, med små og store forventningsfulle menneske – akkompagnert av musikken frå Tre nøtter til Askepott, som skulle ha premiere kl. 18.

Det gjekk rykter om ei helsing frå ein av skodespelarane, og folk var spende på om sjølvsagte Astrid S ville koma med denne. Den nye popcornmaskinen fekk køyrd seg. Etter kvart blei det svært folksamt på biblioteket.

I Auditoriet fekk heile 71 personar ei innleiing av filmfestivalsjef Tonje Hardersen. Og jammen kom ikkje Astrid S med ei helsing før bilde og lyd runga ut i lokalet.

Bilde frå dagen, foto: Nina Samdal, Thea E. Mikkelsen og Jardar Havikbotn:

CODA

For første gong hadde Bokn ein film som hadde førpremiere, og det var mottaking for denne frå kl. 19:30 på biblioteket. Filmen som vann publikumsprisen "Gledessprederen" under Den norske filmfestivalen i år, er ein veldig god film, men berre 11 stk. såg denne. Statistikken med få menneske på den eine filmen når den andre er godt besøkt, slo også til denne fredagen.

Ikkje berre Haugesund

Bokn kommune var også godt representert på mini-filmfestivaldagen. Kommunedirektøren var t.d. på første film og ordføraren på den andre. Kommunalsjef oppvekst og kultur og underteikna var også «i kulissene». Ikkje minst hadde biblioteksjefen ein travel dag, med besøk av festivalsjef og administrativ leiar for Den norske filmfestivalen frå morgonen.

Festivalen har nettopp inngått eit samarbeid med fem kommunar på Haugalandet, der dei reiser rundt og har ulike arrangement. Bokn er blant desse kommunane, og var den første som fekk besøk.

- Me ønsker at festivalen skal bli ein del av identiteten til heile regionen, ikkje berre Haugesund, fortel administrativ leiar Nina Samdal.

På føremiddagen var det filmrelatert rebusløp på leikeplassen, animasjonsverkstad og eventyrstund for barnehagebarn. Då var også TV-Haugaland på besøk:

 

Ein svært vellukka dag – me gler oss til neste gong!