Filmfestivalstemning på tredje året

Den norske filmfestivalen har dei tre siste åra laga stor kinostemning i Bokn.

Bilde frå filmfestivalen i Bokn 2023. - Klikk for stort bileteFrå høgre: Filmfestivalsjef Tonje hardersen, administrativ leiar Nina Samdal, biblioteksjef Astrid Mannsåker og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad. Jardar Havikbotn

10. november var det premiere på årets store julefilm; «Den første julen i Skomakergata». Her blei det selt mange billettar på førehand. Talet stoppa til slutt på 81 betalande, noko som er rekord for filmfestivalen i Bokn.

Festivalverkstad

Skomakergata er nostalgi for mange, medan andre fekk høyra og møta dei kjende namna frå julekalenderserien frå 1979 for første gong – mellom anna barnehagebarna. På føremiddagen var ei gruppe på plass på biblioteket og skulle laga handdukke.

Dei fekk sjå eit lite filmklipp frå «gamle» Skomakergata der handukka Tøfflus viste seg fram. Deretter skulle dei laga si eiga hånddukke/Tøfflus. Barna likte dette godt, og klipte og limte pynt på sokken. Etterpå leika dei med dukkene sine.

Festivalkafé

Bilde frå filmfestivalen i Bokn 2023. - Klikk for stort bileteMarit Elin Våge gjorde filmstjerneentré saman med barna fv. Michelle Kallevik Våge, Wanda Are og Thea Kristoffersen. Jardar Havikbotn

I år var den eine filmen kl. 14, og i forkant av denne inviterte filmfestivalsjef Tonje Hardersen, administrativ leiar Nina Samdal og biblioteksjef Astrid Mannsåker til festivalkafé med pynting av Amandapepperkaker. Fleire skuleelevar kom til dette arrangementet. Dei hadde skulefri (planleggingsdag), og kosa seg og laga mange fine kunstverk, som dei fekk eta eller tok med seg heim.

Filmen «Toves værelse», som var årets vinnar av publikumsprisen under filmfestivalen i Haugesund, hadde berre 4 betalande.

Folksamt

Dei aller fleste hadde nok sikta seg inn på «Den første julen i Skomakergata», og det blei svært folksamt på biblioteket halvtimen før filmstart. Ordførar Egil Våge fekk helsa på filmfestivalfolka, og overleverte eit kinogåvekort i Auditoriet, trekt blant dei som hadde billett. Hanna Røsdal Lund var den heldige.

Nokre songar frå «Jul i Skomakergata» surra og gjekk i ein høgtalar, medan popcornet surra og freste ved sida av. Nærmare 60 beger med nypoppa popcorn blei delte ut.

Både filmfestivalfolka, biblioteksjefen og underteikna var svært fornøgde med årets festival, med omlag 115 personar innom biblioteket denne dagen.

Me håpar på ny festival neste år. 

Fleire bilde fra dagen: