Fekk 38 000

Stor jubel på korpsøvinga 11. mai då Lene O. Foss frå Sparebanken Vest delte ut koronamidlar. Tv. dirigent Lillian Grønnestad. Jardar Havikbotn Saman med ni andre korps på Haugalandet mottok Bokn musikkorps midlar frå Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest sitt korona-fond.

Det var Lene O. Foss frå Sparebanken Vest som kom med den hyggelege beskjeden på korpsøvinga 11. mai. Korpset hadde fått dispensasjon frå ein stengt Bokn Arena, til å få litt fri frå iskald nordavind og ha øvinga på golvet framfor scenen.

Som vanleg vil korpset vera ein viktig brikke på nasjonaldagen, også i årets spesielle feiring. Det er nok ikkje tilfeldig at denne utdelinga skjer i mai.

- Mai månad utan korpsmusikk er jo heilt utenkelig, seier banksjef ved Haugesund-kontoret til Sparebanken Vest, Nina Hopsdal.

Alle korpsa fekk

- For oss er det viktig å stilla opp for kulturlivet i regionen vår i denne krevande tida. Me ønsker å bidra til at frivillige lag og organisasjonar kan halda fram med det viktige arbeidet sitt også etter denne krisa, seier banksjefen.

Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest oppretta koronafondet i mars i år som eit ekstraordinært tiltak, med formål om å støtta lag og foreningar på Vestlandet som slit økonomisk som følge av koronaepidemien. Fondet er på 100 millionar kroner, og totalt fekk over 150 korps 6,5 millionar av dei.