Everesting

Torlandsbakken skal syklast 111 gonger. Div. 26. eller 27. juni skal nokre av veteranane i Bokn SK gjennomføra ein såkalla Everesting. Aktiviteten er til inntekt for kreftavdelinga ved Haugesund sjukehus.

- Me brenn gladeleg av kalorier til ei veldig god sak, seier leiar i sykkelklubben, Kjell Olav Skjelde.

I samband med koronatider og manglande konkurransar, var det ein av ungdommane i klubben som kom på idéen om at dette hadde vore noko for gamlegutta å prøva seg på. Økta blir for lang for unge bein, så ungdommane blir berre med på ein liten del av høgdemetrane som skal syklast. Dei skal vera med å dela ut drikke og mat i langesona.

8 848 høgdemeter

Kunne du tenkt deg å sykla opp Torlandsbakken 111 gonger i same økt? Det er nemleg det som skal til for at det skal bli godkjent som ein Everesting. Torlandsbakken har 80 høgdemeter og er 1,2 km lang. Ein Everesting er på 8 848 høgdemeter, som gir ein distanse på 276 km.

- Sykkelryttaren kan ta pause, men får ikkje sova. Me har eit skjema på 14 timar som me skal prøva å få ein av våre menn under, seier Skjelde. 

Å sykla ein bakke opp og ned, med like mange høgdemeter som Mount Everest, er ein av dei hardaste øktene ein kan gjera på sykkel. 

Sjå plakat her (PDF, 649 kB)

Støttar ei god sak

Dei som startar, må donera eit beløp kvar gong dei syklar opp Torlandsbakken. Sykkelklubben oppfordrar dei som vil støtta, næringsliv, lag/org. eller private, til å donera eit beløp. Pengane går uavkorta til Kreftavdelinga ved Haugesund sjukehus. Bokn SK sitt vippsnr. er 74118 - Merk med Kreftsak.

Grieg Seafood har allereie donert penger.

Folk kan vera med i konkurransar og vinna gåvekort. Ein kan tippa sluttida på den første som når 8 848 høgdemeter.

- Det er berre å følga med på Bokn Sykkelklubb sine facebooksider, avsluttar Kjell Olav Skjelde.