Er du bekymra for eit barn?

Bokn kommune har aktivert nasjonal portal for bekymringsmelding til barnevernet. Dette tyder at de no kan bruke digitalt skjema for å melde frå dersom de er bekymra for eit barn i Bokn kommune.

Det er KS, kommunesektoren sin interesseorganisasjon, som har utvikla denne løysinga for heile landet. Over 300 kommunar har teke løysinga i bruk.  Både privatpersonar og det offentlege kan bruke denne portalen. Karmøy kommune er vertskommune for barnevernet i Bokn. Det er dei som tek i mot meldinga.

Melde frå som privatperson

For offentleg tilsette og fagpersonar med teieplikt og meldeplikt

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)