Energi og klimaplan Bokn kommune 2020 – 2024

Frå framsida av planen. Jardar Havikbotn Bokn kommune ynskjer med dette å invitera til å koma med innspel til Energi og klimaplan for Bokn kommune 2020- 2024.

Av Anne E. Askeland

Har du innspel til planen lyt du senda dei inn i løpet av perioden 5.juni til 5.juli 2020. Innspel sender du til post@bokn.kommune.no

Merk med «Innspel til Energi og klimaplan Bokn kommune 2020-2024».

Energi- og klimaplan (PDF, 2 MB)

Planen er utarbeidd som ein temaplan som redegjer for rammene for arbeidet og for tilhøva relaterte til energi og klima på Bokn. I tillegg prioriterer ein tiltak som, i samarbeid med både innbyggjarar, frivillige lag, organisasjonar samt lokalt næringsliv kan iverksetjast for å nå mål om lågare klimagassutslepp og meir effektiv energibruk. Det er, i denne samanheng, nærliggjande å nemna FN`s 17 berekraftsmål.

God lesnad!