Endringar av forskrifter i barnehage og SFO - høyring

Det er behov for å endre forskrifter i barnehage og SFO. Du kan sende innspel til høyringa innan 19. desember 2025.

Innspela skal sendast til post@bokn.kommune.no Det er viktig at det kjem tydeleg fram kva for ei forskrift de kjem med innspel til.

Barnehage

Grunnlaget for endring i barnehage er at kommuneadministrasjonen ynskjer å halda barnehagen stengd 1 eller 2 veker om sommaren. Det er óg behov for nokre andre justeringar på datoar for søking, med meir.

SFO

Grunnlaget for endring i SFO er auke i tal born på SFO og ein vil endre forskrift i høve til tal vaksne pr. born, samt opningstider i feriar - og tal born som må vere påmelde for å halde opent SFO i feriar.

Begge forskriftene vil, dersom dei vert endra, gjelda frå 15.august 2026.

I den nye opplæringslova er det krav om at forskrifter skal vedtakast og kunngjerast på Lovdata innan lova trer i kraft. 

  • Endringane i forskriftene til SFO er tekne opp i FAU for skulen og vil takast opp i SU i januar etter høyring før dei vert sende til formannskapet.
  • Endring i vedtekter i barnehage er tekne opp i SU, samt utsende som spørjeundersøking til foreldre og handsama på nytt i SU etter spørjeundersøkinga.
     

Forskrifter som vert sende på høyring:

Forskrift om skulefritidsordning for grunnskulen. Bokn kommune, Rogaland (PDF, 93 kB)

Vedtekter for Bokn barnehage (PDF, 194 kB)
 

Gjeldande forskrifter finn de her:

Forskrift om skulefritidsordning for grunnskulen, Bokn kommune, Rogaland - Lovdata

Vedtekter for Bokn Barnehage

Innspela skal sendast til post@bokn.kommune.no Det er viktig at det kjem tydeleg fram kva for ei forskrift de kjem med innspel til.