Eldreråd/Råd for menneske med funksjonsnedsetting - vil du vere med på laget?

Kommunalt eldreråd er heimla i kommunelova § 5-12, og råd for personar med funksjonsnedsetting er heimla i kommunelova § 5-2 bokstav e).

Bokn eldreråd_Rådet for personar med funksjonsnedsetjing - Klikk for stort biletebilde - møtelogo Bokn eldreråd Jardar Havikbotn

Eldrerådet/rådet for personar med funksjonsnedsetting skal arbeide etter prinsippet om retten til full deltaking og likestilling for både eldre og personar med funksjonsnedsetting i samfunnet. 

Rådet skal vere eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen i alle saker som gjeld eldre/personar med funksjonsnedsetting sine behov og interesser. 

 

Rådet sine oppgåver: 

Rådet skal halde seg fortløpande orientert om aktuelle saker som er under arbeid i kommunen. Kommunens einingar skal samarbeide med rådet om saker av interesse som dei skal ha/har til behandling. I saker med prinsipiell interesse skal rådet få anledning til å uttale seg på det forberedande stadium av saksbehandlinga. Rådet skal og få uttale seg om saker som kommunale organ legg fram, men rådet kan i tillegg ta opp saker på eige initiativ. 

Kommunale råd har etter forskrifta rett til å uttale seg i ulike saker før kommunestyret fattar vedtak. Sakspapira vert lagt fram for rådet ei veke før møtet i rådet for eldre og menneske med funksjonsnedsetting vert avhalde. Leiar av eldrerådet/rådet for personar med funksjonsnedsetting har møte- og talerett i folkevalt organ (formannskap og kommunestyre). Eldrerådet/rådet for personar med funksjonsnedsetting skal bestå av fem faste medlemmer, sekretariat/administrasjon kjem i tillegg.

Vil du vere medlem?

Ring servicetorget, tlf. 52 75 25 00 eller fyll ut skjemaet under.