Egil Ognøy blir pensjonist

Etter 43 år med vakt kvar tredje veke og 28 år som fast tilsett i Bokn kommune, slutta Egil Ognøy 27. feb. 2025.

Egil Ognøy på vaktmeisterkontoret/verkstaden 25.02.25. Rommet vil nå bli ein rein verkstad. - Klikk for stort bileteEgil Ognøy på vaktmeisterkontoret/verkstaden 25.02.25. Rommet vil nå bli ein rein verkstad. Jardar Havikbotn

Det er med blanda følelsar han blir pensjonist nå, seier 67-åringen.

-Det e litt vondt å ta inn øve seg at du e blidde så gammale så du e blidde, vettu – men det e der kje någe å gjera med, får berre prøva å gjera det besta ut av det.

Egil sit med sitt karakteristiske smil og ristar av latter. Det gode humøret og den smittande latteren hans vil bli sterkt sakna, både på Boknatun og dei andre kommunale bygga.

Ambulansesjåfør

Han begynte som ambulansesjåfør i kommunen i 1982. 

Bildet viser Egil Ognøy i den raude «kassabilen» var kombinert vaktmeister- og utrykkingsbil. - Klikk for stort bileteDen raude «kassabilen» var kombinert vaktmeister- og utrykkingsbil. Jardar Havikbotn

Den kommande pensjonisten minnest at den raude «kassabilen» var kombinert vaktmeister- og utrykkingsbil. Han fortel at bilen var innreia slik at det var plass til ei båre inni, saman med verktøykassar, kjelardressar m.m. Fekk dei ei utrykking var det full fart med faste rutiner.

-Ja, då va det bånn gass ner te vaktmesterkontoret, hiva ut or bilen, inn med sjukebårå (som hang på fast plass på vaktmeisterrommet), kjøra ner te ferjå og høyra om dei kunne gå. Så blei pasienten henta.

Tok over etter faren

Etter skule i Bokn gjekk Egil på røyrleggarlinja på yrkesskulen på Akra. Han fekk læreplass i Vedavågen Rør og jobba der i 20 år. 2. desember 1996 blei han tilsett som vaktmeister, då faren blei pensjonert vaktmeister.

Bror Arild held fortsatt vaktmeisteryrket i familien. Egil meiner faren byrja i 1966. Såleis blir det 60 år neste år – slett ikkje verst!

Vore med på mykje

Bilde frå vassverket, juni 2018: Egil og Arild Ognøy viser urensa og rensa vatn. - Klikk for stort bileteVassverket, juni 2018: Egil og Arild Ognøy viser urensa og rensa vatn. Jardar Havikbotn

Egil hugsar at to av dei første store oppgåvene som vaktmeister var å legga nytt tak på bygdemuseet i 1997 og laga ny fysioterapiavdeling i 1998, begge oppdraga var saman med Ottar Håland.

Så har det m.a. blitt ny barnehage, nytt bibliotek, auditorium og ungdomsskuleavdeling, omsorgsbustader, utvidingar av sjukeheimen, kommunebuss, Bokn Arena, vassverk og ny skule.

67-åringen seier det har vore kjekt å vera med på alt, og legg til at ting ofte blir for byråkratisk. Han tykkjer at fleire prosjekt har tatt for lang tid pga. all papirarbeidet, men innser at slik må det nok vera.

Mest utfordrande

Han fortel at dei største utfordringane hadde han då det nye, moderne vassverket blei bygd. Det var mykje å setta seg inn i. Dessutan blei det oppretta ein avtale mellom Bokn kommune og Rogfast, om store vassleveransar i samband med boring i tunnelane.

Det var spesielt utfordrande då dei hadde mange bor i aktivitet og trong mykje vatn.

-Det va någen netter der med dårleg søvn, for å sei det rett ut, kjem det frå Egil.
-Men det ordna seg

Bildet viser kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad takka Egil under markeringa på Boknatun, 27.02.25. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Ingeborg Skjølingstad takkar Egil under markeringa på Boknatun, 27.02.25. Jardar Havikbotn

2. mai er ny vaktmeister på plass. Såleis blir teknisk utan alle ressursane sine i mars og april, men Egil har allereie sagt ja til dei to første vaktene i mars.

Kva nå?

Egil seier han vil prioritera familien.  

-Med hus og him og hage og fira naust, og bubil og båt, så trur eg eg ska finna på litt - med vedlikehald her og der og litt fritidsfiske, seier han med eit smil. Fleire turar med bubilen tenker han også at det blir.

Han fortel han er glad for at han har valt å pensjonera seg sjølv. Det er ingen som har sagt at han må - og helsa har halde. Men, som han legg til:

-Ein 25 kilos sekk e jo liga tunge så ein så va 50 før – sånn e det, seier han med ristande latter og karakteristisk smil.

26.02.25: Bildet viser at ordførar Egil Våge takkar Egil Ognøy for innsatsen gjennom 43 år. - Klikk for stort bilete26.02.25, Egil takkar Egil: Ordførar Egil Våge takkar Egil Ognøy for innsatsen gjennom 43 år. Jardar Havikbotn

Egil understreker at han aldri har grua seg til å gå på jobb. Han tenker på at det har vore ein del utskiftingar av folk i teknisk avdeling opp gjennom åra, og meiner han har komme overeins med alle.

-Eg syns det har vore ein grævla greie arbeidsplass, seier han nøgd.

Takk for innsatsen!

-Det kjekkaste med å pensjonera seg e dette med dei helgavaktene, seier ein som har hatt slike vakter i 43 år (og jobba med 8 ordførarar, inkl. den nåverande).

Ingen har nok problem med å skjøna det.

Takk for innsatsen, Egil, og lykke til med eit velfortent pensjonisttilvære!

Fleire bilde frå arbeidslivet i Bokn kommune: