Den spesielle nasjonaldagsfeiringa

Filmen om den spesielle nasjonaldagsfeiringa er klar. Stillbilde frå filmen Me kan nå presentera Armand Svendsen sin film frå årets 17. mai i Bokn, ein dag mange feira heime grunna koronarestriksjonar, men som også fekk fram samhaldet og identitetskjensla til både fastbuande og utflytta boknarar - det sørga båtparade (63 båtar), bil/MC-kortesje (590 stk. utdelte is), Boknatun-arrangement og ikkje minst TV BOKN for.

Filmen finn du på YouTube-kanalen til Bokn kommune, Bygdablad. Det er berre å kosa seg!

Under kan du trykka på direktelenke: