Canada-besøk hos Grieg Seafood

Alle samla under felles logo. Grieg Seafood Rogaland, avd. Trosnavåg 4. mars hadde Grieg Seafood Rogaland, avd. Trosnavåg besøk frå Canada. Det var representantar frå Grieg Seafood Canada og lokale myndigheiter, i tillegg til representantar for First Nations, som har rettar i område kor fiskeoppdrett er planlagde.

Oppdrettsnæringa i Noreg

Dei var her for å sjå korleis oppdrettsnæringa fungerte i Noreg, handtering av søknader og konsesjonar samt forhold til lokalsamfunnet.

Representantar frå Rogaland fylkeskommune orienterte om administreringa av oppdrettsnæringa. Ordførar Osmund Våga fortalte litt om Bokn og at kommunen er godt nøgde med å ha Grieg her. Dei er viktige for arbeidsplassar, næringsliv og skatteinntekter.

Besøket kom i båt frå Stavanger og skulle vidare for å sjå på oppdrettsanlegg i sjøen.