Bøsse på butikken

Klikk for stort bileteOrdførar Osmund Våga med bøssa som er plassert på Coop Prix Bokn. Jardar Havikbotn Ved kassen på Coop Prix Bokn står ei innsamlingsbøsse til årets TV-aksjon. Ho vil stå der til stengetid på laurdag, 17. oktober.

Sjølv om årets TV-aksjon er digital, har kommunekomiteen i Bokn fått lov av TV-aksjonen å ha denne bøssa ståande i aksjonsveka, for personar som er usikre på digitale bidrag, og som ønsker å gi kontantar oppi ei fysisk bøsse. 

Bøssa vil bli opna på Boknatun måndag 19. oktober. Beløpet vil så bli registrert som ei gåve under tittelen «Fysisk bøsse».