Boknakalenderen 2025

Nå kan du bestilla Boknakalenderen 2025, til Bokn kommune sitt 175-årsjubileumår! Bestillingsfrist: 15. nov.

Bilde av framsida til Boknakalenderen 2025 - Klikk for stort bileteFramsida til Boknakalenderen 2025 Armand Svendsen

Det er tre ulike måtar å bestilla trykksaka på. Bruk den som passar deg best:

  1. Send inn webskjemaet nedst i denne artikkelen; "Bestillingsskjema Boknakalenderen".
  2. Kulturkontoret: Send SMS/tlf. 98 22 15 08 - Epost: jarhav@bokn.kommune.no
  3. Kom innom Boknatun og bestill.


NB! Bestiller du med SMS, må du oppgi namn og adresse og kva for ein måte du vil betala på (Vipps, Epost-faktura eller E-faktura).

DU SKAL IKKJE VIPPSA FØR DET BLIR KUNNGJORT AT DU KAN VIPPSA.

Bestillingsfrist: 15. november

Boknakalenderen kostar kr 100 pr. stk. for fastbuande boknarar som hentar kalenderen på Bokn, og kr 150 pr. stk. for dei som får han tilsendt i posten (emballasje og porto).

Det kjem kunngjering på nettsidene til kommunen når folk kan henta kalenderen på Boknatun/julemessa i Bokn Arena 23. november.

Mange flinke fotografar

Boknakalenderen, første gong utgitt i 2008, inneheld 13 nyare og 13 gamle bilder frå Bokn, sistnemnde i tilknyting til eit historisk tema av Birger Lindanger. Sjølve kalendariet har store ruter som ein kan skriva i, og han eignar seg også godt som aktivitetskalender.

Dei nyare bilda i kalenderen har utgangspunkt i serien Vekas bilde på facebooksida til kommunen.

Bilde av dei som bygde Bokn

Det historiske temaet i 2025-utgåva er Dei som bygde Bokn. Birger Lindanger innleiar det heile slik:

Mykje arbeid og mykje sveitte er ofra for å skapa bygda slik ho er i dag. Denne gongen vil me visa glimt koss vegar, løer, kaiar, moloar, løer, våningshus og andre bygningar vart til og gjorde bygda vår leveleg og tilgjengeleg.


Bestillingsskjema Boknakalenderen: