Kalenderen er komen, og kan hentast på Boknatun og på biblioteket - og på julemessa i Bokn Arena 25. nov.

På julemessa vil det også bli selt eit begrensa restopplag til dei som ikkje har bestilt. Her er det “først til mølla” på laurdag - ingen bestillingar.
Kalendrane til dei som ikkje har adresse Bokn, blei utsende frå trykkeriet rett før helga (dersom ikkje anna er avtalt). Fakturaer blir utsende til dei som ikkje har sagt dei skal vippsa.
Vipps til 714350
Dei som under bestillinga kryssa av for Vipps, kan gjera dette til 714350. Du kan også halda kameraet på mobilen framfor QR-koden og trykka på den gule Vipps-knappen når han dukkar opp.
Merk vippstransaksjonen din med KALENDER.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 20.11.2023 11.03