Boknakalenderen 2018

Boknakalenderen 2018.Boknakalenderen 2017 er sendt ut til alle husstandane i Bokn. 

Fleire frykta at det var slutt for den populære kalenderen då Bokn Bygdablad blei nedlagt 1. januar i år. Han var nemleg ei gåve til alle abonnentane. I år er boknakalender nr. 11 ei gåve frå Bokn kommune til alle husstandane i Bokn. 

Konvolutten til kalenderen.

Dersom du bur i Bokn og av ein eller annan grunn ikkje har fått kvit A4-konvolutt med kommuneblå-skrift (bildet) i postkassa, ta kontakt med kulturkontoret.

Laussal

Kulturkontoret har kalenderar for sal, både for interesserte utafor Bokn, eller andre som t.d. vil bruka han som julegåve. Desse kostar kr. 100 pr. stk. (porto kjem i tillegg viss han må sendast).

Me håpar kalenderen får god veggplass og at du vil kosa deg med han i desember og i 2018. Stor takk til Birger Lindanger og alle dei flinke fotografane!