Blindsoneaksjon

I samband med prosjektet, E39 Rogfast, E04 Boknafjorden Nord, har Skanska og Vassbakk & Stol på vegne av Statens Vegvesen invitert elevane på Bokn skule til å delta på ein blindsoneaksjon.

Bilde av ssemitrailer frå Vassbakk & Stol. - Klikk for stort bilete Vassbakk & Stol

Prosjektsjef Anne Brit Moen i Skanska fortel at dei vil fokusera på å visa elevane kor store blindsoner maskinar har. Vassbakk & Stol stiller med ein semitrailer på staden. 

Elevane vil få moglegheit til koma inn i køyretøyet for sjølve å sjå kor liten oversikt ein har i enkelte sonar. I tillegg vil det blir delt ut refleksar til elevane, med ei oppfordring om å ta desse i bruk nå når ein går mot mørkare tider.

Steintransport

Demonstrasjonen blir gjennomført i samband med at det i fem fredagar framover vil bli transportert plastringsstein frå Gismarvik til HighComp-fyllinga, med oppstart 27.10.23. Transporten vil føregå i tidsrommet mellom kl. 07.00-15.00, og det vil koma opp mot 20 lass kvar av desse dagane.