Bingo!

Søndag 10. mars blir det bingo i Bokn Arena.

Bilde av ein bingo i gymsalen i 1997. - Klikk for stort bileteBingo i gymsalen i 1997. Jardar Havikbotn

Det er Bokn sanitetsforening som har plukka opp fleire ønsker rundt på bygda; om å kunna gå på god tradisjonell bingo igjen.

Så nå kan du igjen få oppleva spenninga og stilla i lokalet, dei som ropar høgt – eller dei som kviskrar bingo. Og ikkje minst letten når nokon hadde feil tal, og spenninga fortsette – og koss var det nå med dei 4 hjørnene, og var det 1 eller 2 rekker nå?

«Hoppa etter Wirkola»

Leiar i Saniteten, Daghild G. Alvestad, fortel at dei ikkje har bestemt seg for å ta opp arven etter Bokn musikkorps sine bingoar. Dei vil prøva seg litt fram, og blir det populært så arrangerer dei kanskje fleire.

-    Me har jo endå ein draum om at korpset skal ta seg opp igjen, og ta bingoen til nye høgder når dei er klare for det, seier lagsleiaren, og legg til at det blir fine gevinstar og noko for alle.

Det kjem plakat seinare – set av 10. mars og velkommen på bingo!